Kavlis ernæringsfysiolog Ane byr på sine tanker om desemberkostholdet - og gir tre tips til søte julefristelser som du bør prøve.

- Desember er månaden for å unna seg det vesle ekstra

Kavlis ernæringsfysiolog Ane byr på sine tanker om desemberkostholdet - og gir tre tips til søte julefristelser.

No er me midt inne i førjulstida, og det er kos og god mat så langt augo kan sjå. Dei sju slag er kanskje allereie bakt, og lefsene ligg klar i frysen. Desember er med andre ord månaden for å unna seg det vesle ekstra når det kjem til mat og kaloriar. Og for min del er det heilt innafor. I et sunt og variert kosthald er det også rom for kaker og søtsaker.  

Eple- og kanel-crumble med Sibas Havrekjeks og vaniljeiskrem.

Er du av dei som bakar dei sju slag til jul men gjerne kunne tenka deg å prøva noko nytt i år? Prøv smuldrepai med eple og kanel. 

Elles i året tykkjer eg det er viktig å skilja på kvardag og helg, men når desember kjem flyt det litt i kvarandre. Då kan eg gjerne ta meg eit par fløytekaramellar til kaffien og kosa meg litt ekstra. Det er som dei gamle seier: Det er ikkje det ein et mellom jul og nyttår som veltar lasset, men det ein et mellom nyttår og jul. 

Og når januar kjem veit eg at det er tilbake til dei gode kvardagsrutinane.  

Er du av dei som bakar dei sju slag til jul men gjerne kunne tenka deg å prøva noko nytt i år? Her har eg valt ut tre oppskrifter som kan vera inspirerande og kanskje gi ein litt ny vri til kake- og dessertbordet. Det er ei oppskrift på ein mektig og god sandwich laga av is, kjeks og sjokoladesaus, ein smuldrepai med eple og kanel, og ei HaPå-ostekake.  

I alle oppskriftene er det brukt KORNI® SIBAS havrekjeks. KORNI® SIBAS er ein smakfull og søt kjeks som passar like godt til kaffien som til bakinga. Den er bakt med havre, noko som gir både god smak og eit innhald på 27 % fullkorn.  

Har du spørsmål til Ane? Send det inn her.